English version of this page

Osebergfunnet 100 år

Det store eventyret i norsk arkeologi.

Dette er ein kort presentasjon av utstillinga ”Osebergfunnet 100 år – det store eventyret i norsk arkeologi”. Utstillinga opnar 2. mai 2004 i Vikingskipshuset.

Starten på det heile

Den 8. august 1903 fekk professor Gabriel Gustafson ved Universitetets Oldsaksamling i Oslo besøk av gardbrukar Oskar Rom frå garden Lille Oseberg i Slagen, Vestfold. Rom hadde grave i ein stor gravhaug på eigedommen sin og støytt på det han meinte var eit skip.

To dagar seinare var professor Gustafson på plass på Lille Oseberg gard. Det var ingen tvil, gravhaugen var ei skipsgrav frå vikingtida. Fyrst neste sommar, den 13. juni 1904, kunne gravemannskapet med professor Gabriel Gustafson i spissen setje spaden i jorda. Utgravinga varte til 5. november, då de siste delane av skipet blei tatt opp.

Bildet kan inneholde: kjøretøy.
Det kom som ei stor overrasking at stamnen på skipet hadde dei finaste utskjeringar. Noko slikt hadde ingen sett sidan vikingtida. For å hindre at treverket tørka og sprakk, blei stamnen kledd inn og halden fuktig med våt mose og strie.

Utgravinga av Oseberghaugen blei møtt med stor interesse frå publikum. Ei stor mengde nysgjerrige og interesserte valfarta til staden. Det blei nødvendig å sikre utgravinga med rekkverk, skilting og ein betjent som sørga for at ingen forstyrra arbeidet eller kom for nær gjenstandane. I dagboka klagar Gustafson over å måtte liggje på utstilling og arbeide.

Folk valfarta til utgravinga.

Det store puslespelet

Då utgravinga blei avslutta hausten 1904, stod det lengste og mest krevjande arbeidet att. Utgravinga blei utført på under tre månader, men det tok 21 år å få skipet og dei fleste gjenstandane ferdig preparert og restaurert. Skipet blei behandla fyrst. Det blei lagt stor vekt på å bruke det gamle trematerialet og det finst ikkje mykje nytt tre i det ferdig rekonstruerte Osebergskipet. Sjølv om ein del av klinknaglane er nye, kunne mange av dei gamle jernnaglane brukast på nytt.

Kvart einaste stykke blei dampa og pressa tilbake til opphaveleg form, og skipet blei bygd opp stykke for stykke.

Restaureringen av tregjenstandane baud på store problem. Ein enkelt gjenstand kunne bestå av fleire hundre delar. Kvar einaste del måtte preparerast slik at dei ferdige delane kunne setjast saman til ein nøyaktig rekonstruksjon av den opphavelege gjenstanden. Det kunne vera meir enn eitt års arbeid å preparere og restaurere ein av sledane. Dåtidas mest avanserte metode for behandling av slikt treverk var å koke dei i konsentrert alunoppløysing. Dessverre har dette ført til at gjenstandane i dag er svært skjøre, med ein konsistens som knekkebrød.

Frå restaureringsverkstaden. På bordet ligg dei preparerte sledestykka ferdige til restaurering. I bakgrunnen ser vi ein annan av sledane og ein av sengehestane.

Vikingskipshuset på Bygdøy

Det var ikkje plass til Osebergfunnet i Oldsaksamlingens lokale i Historisk museum. Tuneskipet (utgrave i 1867) og Gokstadskipet (utgrave i 1880) låg framleis i to skur i Universitetshagen.

Gustafson arbeidde derfor for eit nybygg som skulle huse alle dei tre vikingskipsfunna. Etter ein lang diskusjon om plasseringa av bygget, blei det vedtatt å byggje eit vikingskipsmuseum på Bygdøy.

Arnstein Arneberg vann arkitektkonkurransen i 1914 med eit utkast som, ifølgje Gustafsons ynske, også skulle dekkje Oldsaksamlingens behov for større og meir tidsriktige lokale. Den fyrste verdskrig raste, og museumsplanane blei lagt på is. I 1915 døydde professor Gustafson.

Den første fløya av Vikingskipshuset, Osebergfløya, blei reist for statlege midlar i 1926-1927. I 1930 klarte Professor Brøgger å få reist fløya for Gokstad- og Tuneskipet og sentraltårnet. Men det har aldri vore pengar til ein å fullstendig ferdigstille arkitekt Arnebergs museumsbygg.

Bildet kan inneholde: fotografi, farm, svart og hvit, hus, landlig område.
Vikingskipshuset blei bygd i etappar over 26 år.

Fjerde fløy, som rommar funna frå Oseberg, Gokstad, Tune og Borre, stod ikkje ferdig før i 1957, finansiert av Universitetet i Oslo. Fyrst då var arbeidet med å stille ut funna frå Oseberggrava for publikum fullført, 52 år etter utgravinga.

Osebergskipets siste ferd?

Det tok 19 år frå Osebergskipet var ferdig restaurert til det i 1926 kom på plass i det nye museet på Bygdøy. Flyttinga av skipet kravde nøye førebuingar. Skipet måtte ikkje utsetjast for ristingar og skulle derfor bli transportert på skinner gjennom byen og ned til hamna. Herifrå blei skipet frakta på lekter over sjøen til Bygdøy og så på skinner opp til det nye huset.

Bildet kan inneholde: båt, kjøretøy, vannvei, vannscooter, gondola.
Osebergskipet på veg til hamna, her på det som er Rådhusplassen i dag.
Osebergskipet blir ført over på ein lekter for si siste sjøreise over til Bygdøy.
Bildet kan inneholde: fotografi, hvit, arkitektur, svart og hvit, himmel.
Osebergskipet framme ved Vikingskipshuset.

Ny flytting? Kva vil framtida bringe?

Vikingskipshuset er Noregs mest besøkte museum med nærare 450 000 gjester i året. Den store mengda besøkjande, ynsket om betre publikumsfasilitetar og auka krav til sikkerheit for gjenstandane, er årsaka til at det gjennom mange år har vore arbeidd med planar for ei omfattande modernisering av bygningen.

Både Oldsaksamlinga og Vikingskipshuset er no ein del av Universitetets kulturhistoriske museer. På Statsbudsjettet for 2004 er planane om eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika i Oslo for fyrste gong ført opp. Ein komité nedsett av Universitetet i Oslo har foreslått at Vikingskipsfunna skal følgje med i det nye museet i Bjørvika. Men fleire har reist spørsmål ved om skipa og dei svært skjøre alunpreparerte gjenstandane toler påkjenninga som ei slik flytting vil medføre. Diskusjonen for og imot går høgt. Kva risiko er vi villige til å akseptere?

Det er ynsket at det nye Universitetets kulturhistoriske museer skal opne i 2011. Då feirar Universitetet i Oslo 200-års jubileum. Eitt er sikkert: Den endelege avgjerda om vikingskips-funna skal følgje med inn i eit nytt kulturhistorisk museum må takast snart.

Forbod mot eksport av antikvitetar

Funnet og utgravinga av Oseberghaugen var ei direkte årsak til at Noreg allereie i 1904 fekk ei lov som forbydde eksport av antikvitetar.

I 1903 var grunneiger og gardbruker Oskar Rom eigar av Osebergskipet og resten av gjenstandane i gravhaugen. Det var forventa at han ville tilby oldsakene til Staten for innløysing, men slik lovføresegnene var, kunne eigaren med full rett selje funna til kven han ville. Det vekte stor oppsikt at nasjonale klenodium hadde så lågt rettsvern.

Utgravinga blei avslutta utan at Staten og Oskar Rom var komne til einigheit om funnets skjebne. Saka blei til slutt løyst ved at godseigar Fritz Treschow sjenerøst kjøpte heile funnet for 12.000 kroner og gav det til Staten. Like etter blei lova om forbod mot eksport av antikvitetar vedteken.

Original versjon

Sjå nettsida slik den var opphaveleg

Publisert 1. apr. 2020 13:04 - Sist endra 11. feb. 2021 09:56